Gåvefond

Søkja om gåve frå Sparebankstiftinga Hardanger

Det er generalforsamlinga som fastset kor stor sum som kan delast ut som gåver i det enkelte år. 

Med atterhald om vedtaket i generalforsamlinga vil gåvetildelingane skje i 2 omgangar med frist 31. mars og 30. september kvart år - men det kan søkjast kontinuerleg fram til neste søknadsfrist .

Alle som vil søkja om gåver må nytta det elektroniske søknadsskjemaet på denne sida. Berre søknader sendt inn på denne måten vert handsama. 

Det er mogleg å leggja til eigne dokument som vedlegg (pdf eller jpg) 

EIT GODT RÅD: Les nøye gjennom RETNINGSLINJER FOR GÅVEUTDELING før du tek til med utfylling av skjemaet. 

Retningslinjer for gåvetildeling vedteke i Sparebankstiftinga Hardanger si generalforsamling den 19.04.2023. 
Klikk her for retningslinjer for gåveutdeling >>

Søknadsskjema