Aktuelt

118 søknader for tilsaman ca. kr. 25 mill kom inn våren 2021


2021-04-01 10:35
Søknadsfristen for gåvemidlar frå Sparebankstiftinga  våren 2021 gjekk ut 31.03.2021. Neste frist for søknadar er 30.09.2021 og alle nye søknadar frå no av vil verta handsama etter denne fristen. Både gåvemidlar og kulturstipendet for ungdom kan søkjast kontinuerleg.

Det var stor aktivitet dei siste dagane fram mot søknadsfristen og stiftinga kan melde om at det er kome inn 118 søknadar - på tilsaman ca. 25 mill. kr. til både store og mindre prosjekt. Stiftinga har ca. 7,2 mill. kroner til utbetaling i denne runden. 

Styret planlegg slutthandsaming av søknadane i slutten av mai.