Aktuelt

129 søknader for tilsaman ca. 31,2 mill.kr kom inn i denne runden.


2019-11-06 10:35
Søknadsfristen for gåvemidlar frå Sparebankstiftinga  hausten 2019 gjekk ut 30.09.2019. Neste frist for søknadar er 31.03.2020 og alle nye søknadar frå no av vil verta handsama etter denne fristen. Både gåvemidlar og kulturstipendet for ungdom kan søkjast kontinuerleg.

Det var stor aktivitet dei siste dagane fram mot søknadsfristen og stiftinga kan melde om at det er kome inn 123 søknadar - på tilsaman ca. 31,2 mill. kr. til både store og mindre prosjekt. Stiftinga har ca. 7,2 mill. kroner til utbetaling i denne runden. I tilegg kjem ca. 1,5 mill kr som tidlegare har vore avsett til Storhall på Voss. Dette prosjektet er kanselert og desse midlane vert derfor  tildelte andre prosjekt på Voss.

Styret handsama søknadane og gjorde vedtak om tildelingar på styremøte den 6.nov.2019