Aktuelt

81 søknader for tilsaman kr. 32,3 mill kom inn hausten 2020


2020-04-01 10:35
Søknadsfristen for gåvemidlar frå Sparebankstiftinga  hausten 2020 gjekk ut 30.09.2020. Neste frist for søknadar er 31.03.2021 og alle nye søknadar frå no av vil verta handsama etter denne fristen. Både gåvemidlar og kulturstipendet for ungdom kan søkjast kontinuerleg.

Det var stor aktivitet dei siste dagane fram mot søknadsfristen og stiftinga kan melde om at det er kome inn 81 søknadar - på tilsaman ca. 32,3 mill. kr. til både store og mindre prosjekt. Stiftinga har ca. 7,2 mill. kroner til utbetaling i denne runden. 

Styret handsama søknadane og gjorde vedtak om tildelingar på styremøte den 21.10.2020