Pressemelding ny dagleg leiar i Sparebankstiftinga Hardanger


2021-11-22 09:45
I den samanheng har styret gjennomført ein grundig rekrutteringsprosess i samarbeid med Atle Bønes i Bønes Virik.

Til å etterfølgja Gunnar Skeie har styret i stiftinga tilsett Kjetil Widding som ny dagleg leiar. Kjetil har variert leiarerfaring frå næringslivet i mellom anna, bank, hotell og sist som leiar for Hardanger Siderprodusentlag og forretningsutvikling i Næringshagen i Ullensvang.

Kjetil vil ta til i jobben 1.juni 2022.

-Me fekk svært mange gode søkjarar til stillinga som dagleg leiar i stiftinga, så styret har slik sett hatt eit luksusproblem. Styret ser fram til å samarbeida med Kjetil som dagleg leiar. Han er ein omgjengeleg kar, med eit godt nettverk i regionen til stiftinga. Han har god forståing for kva utfordringar ulike prosjekt kan stå overfor, og han kan bidra med råd og vink frå sin kompetanse innan forretningsutvikling og prosjektleiing. Han har også god kjennskap til formålet til stiftinga og korleis ein kan fortsetja ei god forvaltning av kapitalen til beste for bygdene i Hardanger og Voss, seier styreleiar Per Berge.

-Eg har vore heldig å fått jobba med spennande og viktige prosjekt i siderverda, seier Kjetil Widding. -Det har vore ei eventyrleg reise og ei fantastisk utvikling. No går eg over i ein posisjon der eg får jobba med heile Hardanger og Voss som arbeidsområde. Verdiskaping, utvikling av bygdene og å spela på lag med dugnadsånda vil vera fokusområde. Samtidig er det ein viktig jobb å sikra stiftinga si posisjon som eigar i regionen sin viktigaste bank, Sparebanken Vest.

-Dette er ei spennande stilling som kombinerer fleire fagfelt som finans, kultur, dugnadsånd og verdiskaping. Eg har tidlegare jobba i over 5 år i Sparebanken Hardanger, der eg fekk jobba ved alle avdelingskontor banken hadde. Dette gav meg god kjennskap til bygdene i regionen, og til forhistoria til etableringa av stiftinga.

-Eg har framleis eit varmt hjarta for frukt og sider, og derfor er det kjekt å gå over i ny posisjon i ein organisasjon som har opphavet sitt i ‘eplabanken’ Sparebanken Hardanger, avsluttar Kjetil Widding.

For ytterlegare informasjon:

Per Berge, styreleiar i Sparebankstiftinga Hardanger, 916 73 014

Kjetil Widding, 918 81 398