4p9a6390

Straumstøttefond for frivillige lag og organisasjonar


2024-03-30 10:43
Sparebankstiftinga Hardanger har no etablert straumstøttefond på kr 4. millionar.
Midlar frå dette fondet kan søkjast av frivillige lag, foreiningar og organisasjonar med tilhald i Hardanger og på Voss. Ordninga er ikkje mynta på privatpersonar, næringsdrivande eller offentlege aktørar.
 
Det kan søkjast om kompensasjon for del av ekstraordinære høge straumprisar, og stiftinga legg til grunn at kraftpris over kr 1,- pr kWh inkl. mva er søknadsberrettiga. Les om regelverk og korleis søkje her!
 
«Straumstøttefondet er tenkt koma i møte til lag og organisasjonar som har hatt ei utfordrane økonomisk tid på grunn av høge straumkostnader, og spesielt til dei som ikkje har fått teke del i andre kompensasjonsordningar» seier Kjetil Widding som er dagleg leiar i Sparebankstiftinga Hardanger. Han legg til at det kan søkjast om kompensasjon for kostnader tilbake frå og med 01.01.2022.
 
Stiftinga tek imot søkander fortløpande, og dei vil verta handsama på nærast fastsette styremøte.
 
Det er sett av 4 millionar kroner til fondet, og dei skal fordelast så godt som mogleg ut frå antall søknadar, samla søknadssum, og den enkelte organisasjon sitt behov. Difor kan ein ikkje pårekna å få dekka heile søknadsbeløpet.

Søknad skal sendast på e-post til: post@hardangerstiftinga.no
Søknaden må innehalda:
  1. Organisasjonsnummer og organisasjonen sitt namn
  2. Kontaktperson og kontaktinformasjon hos søkjar
  3. Kort utgreiing av grunnlaget for søknaden
  4. Søknadsbeløpet
  5. Dokumentasjon på auke i straumkostnad
  6. Oversikt over organisasjonen sin samla økonomi
  7. Opplysingar om det er søkt straumstøtte hjå offentlege ordningar og/eller ordningar frå andre stiftingar, bankar eller kraftselskap. Om søknaden er avgjort ber ein opplyst resultatet.
  8. Kontonummer som høyrer organisasjonen til

Les om regelverk for straumstøttefondet her!