Historisk informasjon

Bakgrunn for stiftinga

Forstandarskapet i Sparebanken Hardanger og representantskapet i Sparebanken Vest har i møte den 31. mai 2011 vedteke at dei interessene, som bankane representerer, vil vera best tente med at sparebankverksemda i Sparebanken Hardanger vert overteken og vidareført gjennom Sparebanken Vest og at Sparebanken Hardanger etablerer ei stifting som skal fremja sparebankverksemd i Sparebanken Hardanger sitt marknadsområde gjennom å eiga eigenkapitalbevis og disponera utbyte til ålmennyttige føremål.

Stiftinga sitt føremål

Sparebankstiftinga Hardanger vert skipa for å fremja sparebankverksemd i dei kommunane Sparebanken Hardanger har bankverksemda si. Stiftinga vert skipa i medhald av finansieringsverksemdlova § 2c-3 jf. kapittel 2d.

Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Vest. Stiftinga skal i tillegg plassera midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkasting. 

Stiftinga sitt føremål skal vidare vera å gje bidrag til ålmennyttige føremål. Ved disposisjonane sine skal stiftinga først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp grunnfondet til tidlegare Sparebanken Hardanger. 

Ved verksemda si skal stiftinga gjennom eigarskapen sin i Sparebanken Vest og vidareføring av sparebanktradisjonane sikra eit godt regionalt forankra banktilbod på Voss, og i Hardangerregionen. Elles kan stiftinga stå for anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål og dei rammer som til ei kvar tid fylgjer av regelverket for sparebankstiftingar. 

Klikk her for fullstendig skipingsdokument >>
Sparebankstiftinga Hardanger  -  Postboks 43, 5782 Kinsarvik  -  Telefon: 970 96 023   -   post@hardangerstiftinga.no
Sparebankstiftinga Hardanger  - Hardangerfjordvegen 350, 5610 Øystese   -   post@hardangerstiftinga.no