Sparebankstiftinga Hardanger

Eigarskap Sparebanken Norge

Frå vedtektene:

Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Vest (Sparebanken Norge).

Ved verksemda si skal stiftinga gjennom eigarskapen sin i Sparebanken Vest (Sparebanken Norge) og vidareføringa av sparebanktradisjonane sikra eit godt regionalt forankra banktilbod på Voss og i Hardangerregionen.


Grunnkapitalen til stiftinga er kr 150 000 000,- og er fordelt på 6 000 000 eigenkapitalbevis i Sparebanken Norge kvar pålydande kr 25,-

Ved skipinga vart stiftinga i tillegg tilført 3 022 310 eigenkapitalbevis i Sparebanken Norge.

Stiftinga har seinare både seld og teikna nye eigenkapitalbevis i Sparebanken Norge. Utanom dei 6 000 000 eigenkapitalbevisa som utgjer grunnkapitalen eig stiftinga i dag 5 954 394 eigenkapitalbevis i Sparebanken Norge. Dette utgjer til saman 6,9 % av eigenkapitalbevisa i banken og gjer stiftinga til den tredje største eigaren i banken.

Det er utbyttet frå eigenkapitalbevisa i Sparebanken Norge som vil utgjera den dominerande inntekta til stiftinga og som vil vera grunnlaget for stiftinga sine gåveutdelingar frametter.