Sparebankstiftinga Hardanger

Val til Generalforsamlinga

Er du kunde i Sparebanken Vest og har bustadadresse i ein av kommunane/herada: Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang, Ulvik eller Voss kan du vera med å velja medlemer til generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Hardanger. Valet skal finna stad innan utgangen av april månad kvart år. Valdato og reglar for neste val vert kunngjort i lokalavisene og på sida her. 

Innskytarane skal velja inntil 4 medlemer og 8 varamedlemer til generalforsamlinga kvart år. Eit medlem vert vald for 4 år og varamedlemer for 1 år. Liste med namn på noverande medlemer og varamedlemer og kven som er på val vert å finna på www.hardangerstiftinga.no . 

Valet vert førebudd og gjennomført av valkomiten til stiftinga. Leiar av generalforsamlinga er og leiar av valkomiteen.