Frå vedtektene:
Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Vest…
Ved verksemda si skal stiftinga gjennom eigarskapen sin i Sparebanken Vest og vidareføringa av sparebanktradisjonane sikra eit godt regionalt forankra banktilbod på Voss og i Hardangerregione
Grunnkapitalen til stiftinga er kr.150.000.000 og er fordelt på 6.000.000 eigenkapitalbevis i Sparebanken Vest kvar pålydande kr. 25,00
Ved skipinga vart stiftinga i tillegg tilført 3.022.310 eigenkapitalbevis i Sparebanken Vest.
Stiftinga har seinare både seld og teikna nye eigenkapitalbevis i Sparebanken Vest . Utanom dei 6.000.000 eigenkapitalbevisa som utgjer grunnkapitalen eig stiftinga i dag 7.954.394 eigenkapitalbevis i Sparebanken Vest. Dette utgjer til saman 23,64 % av eigenkapitalbevisa i banken og gjer stiftinga til den klart største eigaren i banken.
Stiftinga er no representert med 3 medlemer i representantskapet til Sparebanken Vest. Styreleiaren i stiftinga Borghild Storaas Ones er ein av disse og ho er og no medlem i valemnda i Sparebanken Vest. Ein annan av stiftinga sine representantar, Anne Maria Langeland er no leiar i i valnemnda for eigenkapitalbevis i banken.
Stiftinga sin daglege leiar, Gunnar Skeie er medlem i styret til Sparebanken Vest.
Det er utbyttet frå eigenkapitalbevisa i Sparebanken Vest som vil utgjera den dominerande inntekta til stiftinga og som vil vera grunnlaget for stiftinga sine gåveutdelingar frametter.