Historisk informasjon

Hardingbanken – 165 år i Hardanger si teneste

Tidlegare banksjef i Hardingbanken, Oddmund Teigland har skrive om historia til Sparebanken Hardanger. 

Dei var framsynte karar, dei 5 mennene som i jolehelga 1845 baud inn til å teikna grunnkapital i det som var tanken skulle verta ein sparebank for Kinsarvik Prestegjeld. Oppropet frå desse mennene, distriktslækjar Gerhard Brock, sorenskrivar Jens Skagen, landhandlar Jakob Vines, bonde Lars J. Utne og bonde Johannes Aga, var datert 23. desember 1845 og vart opplese av lensmannen ved Ullensvang kyrkje 1. joledag og ved Kinsarvik kyrkje 2. joledag. Alt den 29. desember samlast folk til samrådingsmøte på Utne. Me veit ikkje kor mange som møtte, men 17 mann teikna seg for til saman 110 spesiedalar i ”sikkerhedsinnskudd” denne dagen. Møtet valde ei nemnd som fekk i oppdrag å arbeida ut plan for den påemna banken. Dette arbeidet gjekk snøgt, så alt den 16. mars 1846 vart det kalla inn til konstituerande møte. Dermed vart Kinsarvik Sparebank skipa som den fjerde sparebanken i Hordaland, berre Bergen, Eid sokn på Halsenøy og Voss var føre. 

At Utne vart vald til bankstad, skuldast vel helst at 4 av dei 5 innbydarane var busette der. Men så lenge sjøen var viktigaste ferdselsvegen, var og Utne den mest sentrale staden i indre Hardanger. Og sidan banken skulle vera for Kinsarvik Prestegjeld, var namnet dei valde, Kinsarvik Sparebank, nærast sjølvskrive. Men dei styrande i banken vende snøgt augo vidare. Alt i 1850 vart det gjort vedtak om å endra namnet til Hardanger Sparebank. Dette vart ikkje godkjent av departementet, truleg fordi det var kjent at det vart arbeidt med bankplanar i andre bygder kring fjorden. Likevel vart banken sitt distrikt i 1856 utvida til å omfatta Gravens Prestegjeld, med soknene Granvin, Ulvik og Eidfjord, og banken skaffa seg kommisjonærar i mange bygder. I 1927 overtok banken Ulvik Privatbank, som vart omskipa til filial av Kinsarvik Sparebank. Etter fusjon med Jondal Sparebank i 1964 og med Herand Sparebank i 1973 mogna tanken om namnebyte år for år. Det vart gjennomført i 1985, men då til den meir ”moderne” forma Sparebanken Hardanger.

Føremålet med den nye banken, slik det går fram av dei fyrste vedtektene, var å 

”…befordre sædelige og oeconomiske Fremskridt, som Flid, Orden og Sparsommelighed, ved at fremkalde ubenyttede og ubetryggede Pengemidler til Laanetrengendes Afbenyttelse paa billige Vilkaar, og gjøre samme frugtbringende ved at lægge Renter til Kapitalen” 

Banken tok altså på seg ei rolle som oppsedar, og såg på seg sjølv nærast som ein katalysator for økonomisk framgang i Hardangerbygdene. Verkemiddelet var det me i dag vil kalla kredittformidling. Sparekapital som låg utrygt som unytta reservar på kistebotnane, vart lokka til banken med lovnad om rente, og lånt ut til dei som i periodar hadde trong for kapital og kunne stilla fullgod trygd. Lånerenta måtte sjølvsagt setjast høgare enn innskotsrenta, det kosta ein del å driva bank også for 150 år sidan. Det hende og at folk ikkje greidde betala avdraga på låna sine, endå om både låntakaren og slekta hans vart vurderte sers nøye av bankstyret før dei vart godkjende. Då måtte banken ha eigne reservar til å møta slike tap med. Men banken hadde ikkje noko mål om størst mogeleg overskot. Det som galdt, var å ha tillit i lokalsamfunna, slik at folk våga å setja inn sparepengane sine. Og det greidde banken med glans: Kinsarvik Sparebank stod støtt om andre bankar ramla. Men etter 100 års drift var banken sin eigenkapital berre litt over 1 mill kr, medan forvaltningskapitalen runda 17 mill. Soliditeten var såleis ikkje all verda, vurdert ut frå dagens rekneskapsreglar.

Det er tydeleg at bankstyret desse 100 åra såg banken mest som ein samfunnsinstitusjon, ikkje som ei bedrift som skulle tena mest mogeleg med pengar. Mange av dei oppgåvene banken tok på seg, ville me i dag sett på som oppgåver for kommunane. Dette galdt m.a. slikt som bygging av skulehus. Då landsskulelova i 1862 gjorde slutt på omgangsskulen, måtte herada skaffa skulehus i alle krinsane. Den delen av byggjekostnaden som fall på herada, vart finansiert med rente- og avdragsfrie lån frå Kinsarvik Sparebank. Låna vart seinare ettergjevne. Banken gav store tilskot til veganlegg, og heldt fritt hus, ljos, brensel og reinhald til telegrafstasjon på Utne frå 1876, mot at Staten bygde telegrafline frå Voss til Utne. Det vart ytt rentefrie lån til ny kyrkje på Utne og heradshus i Granvin, og til vøling/restaurering av kyrkjene i Kinsarvik, Lofthus, Eidfjord og Odda. Ikkje så rart, kanskje, at dei årlege overskota ikkje vart så veldig store sett i forhold til forvaltningskapitalen. 

Etter 2. verdskrigen vart det vanleg at bankane tok på seg stadig nye tenester for kundane sine. Slik var det og i Kinsarvik Sparebank. I staden for lønningspose kvar fredag fekk lønstakarane sjekkhefte og pengar på konto. Og fleire og fleire av dei næringsdrivande ba om driftskreditt og garantiar i tillegg til investeringslån. Etter at det kom ny sparebanklov i 1977, kunne ein sparebank driva med akkurat det same som ein forretningsbank. Folk sine vanar endra seg. I staden for ei velfylt lommebok på innerlomma vart det om å gjera å ha tilgang på kreditt eller ein romsleg bankkonto som kunne disponerast med sjekk og giro. Å stå for betalingsformidlinga vart svært ressurskrevjande for bankane. I Kinsarvik Sparebank vart talet på tilsette dobla i tiåret 1970 – 1980. Rett nok skuldast ikkje dette berre den sterke auken i betalingsformidlinga. Som fylgje av kraftutbygginga i Eidfjord og Ulvik var det sers stor aktivitet i bygdene her. Mange tilflyttarar opna konti, og alle milliardane utbygginga kosta vart kanalisert gjennom banken. Dette gjorde sitt til at banken tente svært gode pengar desse åra, og vart etter kvart ein av dei mest solide sparebankane i landet. Dermed kunne bankstyret med stor ro takka nei til å vera med i sparebankfusjonen i 1982, då dei fleste sparebankane i fylket gjekk saman med Bergens Sparebank til det som vart heitande Sparebanken Vest. 

Heile tida etter krigen hadde banknæringa vore strengt regulert av styresmaktene. Stortinget vedtok kvart år eit kredittbudsjett som ein del av nasjonalbudsjettet. Der vart det fastsett kor mykje den samla lånegjelda i Noreg kunne auka det komande året, og kor mykje av den samla auken dei private bankane kunne stå for. Samstundes bestemte Regjeringa kor høge utlånsrenter bankane kunne ta, og dei skulle vera låge i fylgje den dominerande politiske tankegangen. Når det då var full frådragsrett for renter i skatten, og inflasjonen var stabilt høg, var det ikkje vanskeleg for folk flest å rekna ut at berre dummingar let vera å låna. Dermed vaks køane av låntakarar, endå om styresmaktene prøvde å bremsa litt på etterspurnaden ved å tillata ein viss renteauke mot slutten av 70-talet. Viktigaste jobben til bankstyret og bankfunksjonærane var å sortera køen av lånesøkjarar, bestemma kven som kunne få lån og kven som måtte greia seg utan. Det er interessant å sjå at bankstyret valde å prioritera lån til næringsverksemd og til bustader, endå banken kunne teke langt høgare rente for lån til reine forbruksføremål. Tanken om banken som samfunnsinstitusjon var framleis levande.

Men i lengda kunne ikkje dei strenge reguleringane vara ved. Folk som absolutt ville ha lån, let seg ikkje stoppa av eit nei frå banken. Når inflasjonen var 10 % og marginalskatten 80 %, skjøna alle at den reelle renta vart negativ endå om dei nominelt måtte betala så mykje som 25 % rente. Dermed tok kredittgjevinga nye vegar utanom bankane, til den såkalla ”gråmarknaden”, og styresmaktene måtte sjå på at lånegjelda vaks over alle grenser same kva dei vedtok i kredittbudsjetta sine. Då dei midt på 80-talet bestemte seg for å gjera slutt på reguleringane, var mange banksjefar som våryre kalvar: Dei kasta seg ut i ein veksekonkurranse med liv og lyst, og sette rentene opp mot det same nivået som hadde vore vanleg i gråmarknaden. Dette gjekk bra eit år eller to, heilt til låntakarane fekk merka at styresmaktene hadde gjort ein ting til: Dei hadde redusert fordelen av rentefrådraget. Dermed gjekk ikkje reknestykket i familieøkonomien opp. Folk greidde ikkje betala låneterminane og husa hamna på tvangsauksjon. Det heile enda i den velkjende bankkrisa tidleg på 90-talet. 

Sparebanken Hardanger gjekk mykje godt klar av krisa. Banken greidde å styra unna dei mest fantasifulle prosjekta, prioriterte som før å gje lån til bustadbygging og lokalt næringsliv. Rentene vart sette opp også her, men langtfrå like mykje som i storbankane. Men dette visste ikkje folk om, for det var ikkje god tone å snakka om kor høg rente dei enkelte bankane tok for lån. Slik var det heilt til Forbrukarrådet i 1989 gjennomførde den fyrste landsomfattande undersøkinga av rentene på bustadlån. Då viste det seg at Hardingbanken hadde dei lågaste bustadrentene i landet. Dette vart slått opp på Dagsrevyen og i pressa. Dagen etter kima det i eitt frå telefonane i banken. Folk ringde frå heile landet for å søkja om lån. På nytt måtte bankfunksjonærane sortera frå køen. Det var dei absolutt mest kredittverdige av fjernkundane som slapp i gjennom nålauga. Ja, det vart hevda at om ein lånsøkjar som ikkje budde i Hardanger skulle få lån i Hardingbanken, då måtte han fyrst bevisa at han ikkje trong lån i det heile. Likevel raste millionane ut, banken oppnåde ein historisk høg utlånsvekst utan nemnande risiko. Men også innskot strøymde til. På spørsmål frå ei Bergens-avis om kva som var grunnen til at Hardingbanken gjekk så godt medan andre bankar måtte reddast av Staten, kom banksjefen til å svara at me kanskje var litt meir ”sidrumpa” enn bankar flest. Dagen etter ringde det ei velståande Bergens-dame og ville opna konto. Ho hadde vore på leit etter ein sidrumpa bank gjennom heile jappetida. Endeleg hadde ho funne ein. 

Det vart lagt stor vekt på å knyta dei nye kundane sterkt til banken ved å forlanga at dei tok i bruk Hardingbanken som sin daglegbank. Dette godtok dei fleste, og veldig mange gav uttrykk for at dei vart betre kjende med sin kontaktperson i Hardingbanken, som dei aldri hadde sett, enn kva dei var med funksjonærane i sin gamle byfilial. På den måten fekk banken mange nye, lojale kundar. Så lenge alle bankforretningane var papirbaserte kunne det nok til tider vera litt upraktisk å bruka ein bank langt borte. Men etter kvart kom ny teknologi til hjelp. Utviklinga av plastkort, nettbank og mobilbank gjorde avstandsulempa mindre. Motstykket til dette var at det vart tilsvarande lettvint for ein harding å velja ein bank i Oslo. Konkurransen vart hardare og marginane gjekk ned. Men banken greidde å ta vare på dei fleste fjernkundane. Då banken slutta av som sjølvstendig bank, var meir enn halve forvaltningskapitalen tilført av kundar som budde andre stader enn i det gamle kjerneområdet: Kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang og Ulvik. Desse kundane har sjølvsagt og gjeve betydelege bidrag til det oppsamla overskotet i banken, og dermed til den kapitalen som i dag er grunnlaget for Sparebankstiftinga Hardanger. 

Oddmund Teigland