Sparebankstiftinga Hardanger

Vedtekter for Sparebankstiftinga Hardanger

Skipa, 25. oktober 2011 
 

1 Alminnelege reglar

§ 1-1 Firma og forretningskontor
Stiftinga sitt namn er Sparebankstiftinga Hardanger. 
Stiftinga sitt forretningskontor er i Ullensvang herad. 

§ 1-2 Føremål
Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Vest. Stiftinga skal i tillegg plassera midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkastning. Stiftinga sitt føremål skal vidare vera å gje bidrag til ålmennyttige føremål. Ved deira disposisjonar skal stiftinga først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen til tidlegare Sparebanken Hardanger. Ved verksemda si skal stiftinga gjennom eigarskapen sin i Sparebanken Vest og vidareføring av sparebanktradisjonane sikra eit godt regionalt forankra banktilbod på Voss, og i Hardangerregionen. Elles kan stiftinga stå for anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål og dei rammer som til ei kvar tid fylgjer av regelverket for sparebankstiftingar.

§ 1-3 Stiftinga sin kapital
Stiftinga vert skipa med 9,02231 millionar eigenkapitalbevis kvar lydande på NOK 25 i Sparebanken Vest og eit kontantbeløp på NOK 80,660452 millionar. Stiftinga sin grunnkapital er NOK 150 millionar fordelt på 6 millionar eigenkapitalbevis pålydande NOK 25 i Sparebanken Vest. 

§ 1-4 Utferding av eigenkapitalbevis og opptak av lån
Stiftinga kan utferda eigenkapitalbevis i samsvar med dei rammer som til ei kvar tid går fram av lov om stiftingar og anna lovgjeving. Stiftinga kan ikkje ta opp lån.
 

2 Stiftinga sine organ

§ 2-1 Organa
Stiftinga skal ha generalforsamling, styre og valkomité. I tillegg kan stiftinga tilsetje ein dagleg leiar. 

§ 2-2 Val av generalforsamlinga
Generalforsamlinga skal ha minimum 11 og inntil 19 medlemer og minimum 7 inntil 13 varamedlemer. Generalforsamlinga si samansetjing skal spegla kundestrukturen i Sparebanken Hardanger som skipa stiftinga, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser knytt til sparebankstiftinga si verksemd. 

Innskytarane skal velja inntil 16 medlemer og 8 varamedlemer. Kvart år skal det haldast innskytarval, der ein fjerdedel av dei innskytarvalde medlemene av generalforsamlinga som har gjort teneste lengst, går ut. Ved første gongs val vert rulleringa avgjort ved loddtrekning om alle innskytarvalde medlemene har gjort teneste like lenge. 

Medlemene skal veljast av og blant innskytarar som dei siste 6 månadene før kunngjeringa av valet, har hatt bustadadresse i kommunane/herada Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang, Ulvik eller Voss og har hatt innskot i Sparebanken Vest med over eit bestemt beløp som vert fastsett av styret i stiftinga. Ingen innskytar kan gje meir enn ei stemme. 

6 innskytarvalde medlemer og 4 varamedlemer skal vera busette i region Aust som omfattar kommunane Ullensvang, Eidfjord og Odda.
6 innskytarvalde medlemer og 4 varamedlemer skal vera busette i region Nord som omfattar kommunane Granvin, Ulvik og Voss.
4 innskytarvalde medlemer og 3 varamedlemer skal vera busette i region Vest som omfattar kommunane Jondal og Kvam. 

Fylkesutvalet i Hordaland skal kvart fjerde år velje inntil 3 medlemer og 2 varamedlemer. 

Generalforsamlinga vel ein valkomité med 3 medlemer. Valkomiteen skal førebu vala, herunder ta omsyn til at samansetjinga av generalforsamlinga skal spegla kundestrukturen i Sparebanken Hardanger som skipa stiftinga, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser knytt til sparebankstiftinga si verksemd. Leiar av generalforsamlinga skal vere leiar av valkomiteen. Valkomiteen innstiller kandidatar til styret og generalforsamlinga for kvart enkelt valområde. Vala skal organiserast av styret i stiftinga. Valet skal kunngjerast i minst ei lokalavis seinast 14 dagar før valet skal finne stad, og elles slik styret bestemmer. Valet kan gjennomførast ved brev, her under elektronisk post eller annan forsvarleg måte etter styret si nærare avgjerd. 

Generalforsamlinga vert vald for 4 år. Varamedlemer skal veljast for 1 år. Vala til generalforsamlinga skal gjennomførast innan utgangen av april månad. Attval kan finna stad. 

Innskytarvalt medlem i generalforsamlinga kan ikkje ha dette vervet i lengre enn 12 år samanhengande og ikkje lengre enn 20 år samla. 

Generalforsamlinga vel sjølv leiar og nestleiar. Val av medlemer eller varamedlemer av generalforsamlinga skal skje innanfor den til ei kvar tid gjeldande lovgjevinga. Medlemer og varamedlemer av generalforsamlinga må ikkje ha styreverv eller vera tilsette i selskap som konkurrerer med Sparebanken Vest. Dersom noko medlem i løpet av funksjonstida kjem i ein slik situasjon, kjem varamedlemen inn i vedkomande sin stad. Dersom ein varamedlem kjem i nemnde situasjon, går vedkomande ut som varamedlem. 

Første ordinære val til generalforsamlinga vert gjennomført i samband med ordinær generalforsamling i 2013. Ved opprettinga av stiftinga vil generalforsamlinga vere lik forstandarskapet i Sparebanken Hardanger, med unntak av dei tilsette sine representantar. 

§ 2-3 Møta i generalforsamlinga
Innan 1. juli kvart år skal stiftinga gjennomføra ordinær generalforsamling, første gong i 2012. Generalforsamlinga vert gjennomført der stiftinga har forretningskontor. I den ordinære generalforsamlinga skal følgjande saker handsamast og avgjerast:
  1. Val av styremedlemer
  2. Fastsetja godtgjersle til styret sine medlemer
  3. Val av medlemer til valkomité, jf. § 2-2
  4. Val av revisor og fastsetjing av revisor si godtgjersle
  5. Føra tilsyn med stiftinga si verksemd
  6. Godkjenning av årsrekneskap og årsmelding
  7. Vedta gransking
  8. Vedta omdanning av stiftinga etter forslag frå styret
  9. Vedta etter forslag frå styret, bruk av året sitt overskot, herunder kor stor del av året sitt overskot som skal brukast til gåveføremål
  10. Andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer under generalforsamlinga som saksførebuande, rådgjevande eller avgjerande organ.

    I tillegg skal generalforsamlinga etter forslag frå styret handsama: 
     
  11. Avhending av eigenkapitalbevis i Sparebanken Vest som inngår i stiftinga sin grunnkapital etter § 1-3
  12. Endring av stiftinga sine vedtekter
  13. Forvalting av stiftinga sine midlar i samband med omdanning av Sparebanken Vest til aksjebank/allmennaksjebank, fisjon av banken og avhending av ein vesentlig del av Sparebanken Vest si verksemd
  14. Oppløysing av stiftinga


Generalforsamlinga vert innkalla av styret. Ved kjent forfall vert varamedlemer kalla inn. 

Styret kan avgjera at det skal kallast inn til ekstraordinær generalforsamling. Styret skal kalla inn til ekstraordinær generalforsamling når revisor eller minst 2 medlemer av generalforsamlinga skriftleg krev det for å få handsama eit bestemt oppgitt emne. 

Innkalling til generalforsamling skal innehalde opplysningar om tid og stad for møtet, og dei saker som skal handsamast på generalforsamlinga. Innkalling til ordinær generalforsamling skal sendast seinast 14 dagar før generalforsamlinga. Innkalling til ekstraordinær generalforsamling skal kunngjerast seinast 7 dagar før generalforsamlinga om ikkje ein lengre frist følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving. 

Eit medlem har rett til å få handsama ei sak meldt skriftleg til styret innan ei veke før møtet i generalforsamlinga vert halde. 

Kvar einskild medlem av generalforsamlinga har ei stemme i generalforsamlinga. Generalforsamlinga kan ta avgjerd når minst halvparten av medlemene er til stades. Ei avgjerd av generalforsamlinga krev simpelt fleirtal av dei avgjevne stemmene om ikkje anna er fastsett i lov eller vedtekter. 

Avgjerd om å oppløyse stiftinga og om å endre stiftinga sitt føremål i andre tilfelle enn ved samanslåing av stiftinga, krev tilslutnad frå alle som deltek i møtet (samrøystes vedtak). Avgjerder som nemnt i punkt 11 krev tilslutnad frå minst 9/10 av dei som deltek i møtet. Andre avgjerder som nemnt i punkt 12 til 14 krev tilslutnad frå minst 2/3 av dei som deltek i møtet. Avgjerd om oppløysing og om å endra vedtektene skal føreleggast rette styremakter for godkjenning. 

Styreleiar skal møta på generalforsamlinga. Dei andre styremedlemene og dagleg leiar har møterett. Det skal førast protokoll over forhandlingane. Protokollen skal underskrivast av møteleiaren og to andre personar som vert peika ut av generalforsamlinga mellom dei som er til stades. 

§ 2-4 Styret
Stiftinga skal ha eit styre på 5 til 7 medlemer og inntil 3 varamedlemer. 

Styret skal ha det mynde og ansvar som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjevinga og desse vedtektene. 

Styremedlemer, herunder styreleiar, vert valde av generalforsamlinga for to år om gongen. I første periode tenestegjer halvparten i 1 år. Attval kan finne stad.

Samansetjinga av styret skal reflektera samansetjinga av dei gruppene som har stemmerett på generalforsamlinga. Medlemer og varamedlemer av styret skal fylle dei krav som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjevinga. 

Ved første val vert det sitjande styret i Sparebanken Hardanger vald som stytet i nstiftinga , med unntak av dei tilsette sine representantar. 

Medlemer og varamedlemer av styret må ikkje ha styreverv eller tilsetjing i selskap som Ved første val vert det sitjande styret i Sparebanken Hardanger vald som styret i stiftinga, med konkurrerer med Sparebanken Vest eller eit anna selskap i same konsern som Sparebanken Vest. Dersom noko medlem kjem i ein slik situasjon i løpet av funksjonstida, kjem varamedlem inn i vedkomande sin stad dersom det er oppnemnt varamedlemer, elles vert det gjennomført suppleringsval. Dersom det er varamedlem som kjem i nemnde situasjon, går vedkomande ut som varamedlem. 

Styremedlem , nestleiar eller styreleiar kan ikkje ha dette vervet i lengre enn 12 år samanhengande tidsrom og ikkje lengre enn 20 år samla. 

§ 2-5 Forvaltinga av stiftinga sine midlar
Styret skal sjå til at stiftinga sine midlar vert forvalta i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2, og at verksemda er i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande reglar og stiftinga sine vedtekter. 

Generalforsamlinga fastset etter forslag frå styret nærare retningslinjer til forvaltninga av stiftinga sine midlar. Styret skal leggje fram for generalforsamlinga ei oversikt over kapitalforvaltinga ein gong i året om ikkje generalforsamlinga ønskjer hyppigare orientering. 

For å vere i tråd med stiftinga sitt føremål, skal stiftinga i si forvaltning, så langt som mogeleg sjå til at stiftinga sin grunnkapital til ei kvar tid vert oppretthalden uavhengig av svingingar i kursen på eigenkapitalbevisa i Sparebanken Vest. 

§ 2-6 Disponering av stiftinga sine midlar
Stiftinga kan dele ut gåver til ålmennyttige føremål i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2. Stiftinga skal i forvaltninga søkje å sikre stabilitet i stiftinga si tildelingsevne. 

Det er ei overordna målsetjing at stiftinga skal ivareta realverdien på grunnkapitalen. 

§ 2-7 Styret si sakshandsaming
Styret skal handsama saker i møte med mindre styreleiar finn at saka kan handsamast skriftleg eller på annan trygg måte. Årsrekneskap og år smelding skal handsamast i møte. Dagleg leiar skal møta i styremøta. 

Styreleiar skal syta for handsaming av aktuelle saker som høyrer inn under styret. Styremedlemene kan krevja at styret handsamar bestemte saker. Styrehandsaming skal varslast på føremålstenleg måte og med rimeleg frist. 

Styret kan ta avgjerd når meir enn halvparten av medlemene deltek i styrehandsaminga. Styret kan likevel ikkje ta avgjerd utan at alle styremedlemene, og ved kjent forfall eventuelle varamedlemer, så vidt mogeleg er gitt høve til å delta i handsaminga av saka. 

Ei avgjerd av styret krev at eit fleirtal av dei styremedlemene som tek del i handsaminga av ei sak, har stemt for. Ved likt stemmetal gjeld det som styreleiar har stemt for. Er styreleiar ikkje til stades, gjeld det som møteleiaren har stemt for. Det skal førast protokoll over styrehandsaminga. 

§ 2-8 Inhabilitet
Ein styremedlem må ikkje ta del i handsaming eller avgjerd av spørsmål som har slik særleg betyding for eigen del eller for nokon nærståande, at medlemen må seiast å ha personleg eller økonomisk særinteresse i saka. 

Ein styremedlem kan heller ikkje ta del i sakshandsaminga eller avgjerda når vedkomande eller nokon nærståande har stilling eller tillitsverv i ein privat eller offentleg institusjon, organisasjon eller eit føretak som har økonomisk eller anna særinteresse i saka, eller når vedkommande i slik eigenskap tidlegare har teke del i handsaminga av saka. Ved offentleg stilling eller verv er vedkomande likevel ikkje inhabil i saker som gjeld disponering av midlar til fordel for det offentlige. 

§ 2-9 Representasjon
Styreleiar eller to av styret sine medlemer i fellesskap teiknar stiftinga sitt firma. Styret kan meddele prokura og spesialfullmakter. 

§ 2-10 Dagleg leiar
Styret kan tilsetja dagleg leiar. Dersom omfanget av dei oppgåvene som skal utførast av den daglege leiinga tilseier det, kan styret i staden inngå oppdragsavtale med person eller selskap om utføring av oppgåvene som dagleg leiar. 

Dagleg leiar står for den daglege leiinga av stiftinga si verksemd, og skal følgja dei retningsliner og pålegg styret har gjeve. Dagleg leiar skal effektuera dei utdelingar stiftinga gjer, og syta for at det blir allment kjent at midlane stammar frå Sparebankstiftinga Hardanger. Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som er av uvanleg art eller har mykje å seia. Dagleg leiar skal syta for at selskapet sine rekneskap er i samsvar med lover og forskrifter, og at formuesforvaltinga er ordna på ein trygg måte. 

Dagleg leiar må ikkje inneha styreverv eller tilsetjing i selskap som konkurrerar med Sparebanken Vest eller eit anna selskap i same konsern som Sparebanken Vest. 
 

3 Andre tilhøve

§ 3-1 Disponering av årsoverskot – dekking av underskot
Stiftinga sitt overskot skal disponerast i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2 innanfor dei rammer som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjevinga og desse vedtektene. 

Underskot, etter styret sine disponeringar, vert dekka først av fri eigenkapital, deretter av grunnkapitalen. 

§ 3-2 Disponering av stiftinga sine midlar ved oppløysing av stiftinga
Ved oppløysing skal stiftinga sine midlar gå til fremjing av sparebankverksemd etter nærare avgjerder tekne av generalforsamlinga. 

Som sparebankverksemd vert i denne samanheng også rekna fremjing av Sparebanken Vest si verksemd under føresetnad av at banken driv verksemd i dei distrikta der Sparebanken Hardanger dreiv verksemd tidligare. 

Avgjerd om disponering av stiftinga sine midlar ved oppløysing skal føreleggast rette styremakter for godkjenning. 

Sparebankstiftinga Hardanger  -  Postboks 43, 5782 Kinsarvik  -  Telefon: 970 96 023   -   post@hardangerstiftinga.no
Sparebankstiftinga Hardanger  - Hardangerfjordvegen 350, 5610 Øystese   -   post@hardangerstiftinga.no