Aktuelt

Koronafond


2020-05-20 09:28
I Kven kan søkja?
Frivillige og ideelle lag, foreiningar og organisasjonar med tilhald i kommunane/herada Kvam, Voss, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang.


II Kva kan det søkjast om midlar til?
  1. Bortfall av inntekter.
  2. Støtte til digital gjennomføring  av lokale arrangement og aktivitetar.

III Søknadsfrist ?
Stiftinga tek i mot søknader kontinuerlig frå og med 01.06.2020.

IV Kva må søknaden innehalda ?
  1. Organisasjonsnummer og organisasjonen sitt namn.
  2. Kontaktperson og kontaktinformasjon hos søkjar.
  3. Kort utgreiing av grunnlaget for søknaden.
  4. Søknadsbeløpet.
  5. Dokumentasjon på bortfall av inntekter.
  6. Oversikt over organisasjonen sin samla økonomi.
  7. Opplysingar om det er søkt støtte hos offentlege ordningar og /eller ordningar frå andre stiftingar og bankar retta mot problem oppstått som fylgje av  koronakrisa ? Om søknaden er avgjort ber ein opplyst resultatet.
  8. Kontonummer som høyrer organisasjonen til. 

V Kor skal søknaden sendast ?
På e. post til: post@hardangerstiftinga.no  

VI Korleis vert søknaden vurdert?
Dette er ein ekstraordinær situasjon også for Sparebankstiftinga Hardanger.

Vurdering av søknadane vil bli gjort med plan om å fordela midlane så godt som mogleg ut frå tal søknader, samla søknadssum, behovet for den enkelte søkjar og tidsperspektivet fondet skal vara.
 
VII Kor lang handsamingstid er det på søknaden ?
Handsamingstida kan variera ut frå tal søknader og storleiken på disse. Stiftinga tek høgde for at situasjonen som samfunnet er inne i kan bli langvarig, og vil derfor måtte handsama søknadane i dette perspektivet.

VIII Når vert tilskotet betalt ut ?
Betaling vert gjort straks etter søknaden er godkjent.
 
Kinsarvik 20.05.2020
Styret i Sparebankstiftinga Hardanger