Aktuelt

Sparebankstiftinga Hardanger


2015-02-18 13:49
Sparebankstiftinga Hardanger skal fremja sparebankverksemd i tidlegare Sparebanken Hardanger sitt marknadsområde gjennom å eiga eigenkapitalbevis i Sparebanken Vest og disponera utbytte frå disse og andre plasseringar til ålmennyttige føremål.

Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført som grunnkapital ved skipinga og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Vest.

Stiftinga skal i tillegg plassera midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkasting.

Stiftinga sitt føremål skal vidare vera å gje bidrag til ålmennyttige føremål.
styve trio-2
Sparebankstiftinga Hardanger  -  Postboks 43, 5782 Kinsarvik  -  Telefon: 970 96 023   -   post@hardangerstiftinga.no
Sparebankstiftinga Hardanger  - Hardangerfjordvegen 350, 5610 Øystese   -   post@hardangerstiftinga.no