troskykkje %c3%98ystese

190 søknadar for tilsaman kr 50,4 millionar kroner


2024-10-01 00:00
Søknadsfristen for gåvemidlar frå Sparebankstiftinga Hardanger hausten 2024 gjekk ut 30.09.2024. Neste frist for søknadar er 31.03.2025, og alle nye søknadar frå no av vil verta handsama etter denne fristen. 

Det var som vanleg stor aktivitet dei siste dagane fram mot søknadsfristen, og stiftinga kan melde om at det er kome inn heile 190 søknadar - på tilsaman 50,4 millionar kroner til både store og mindre prosjekt. Styret i stiftinga har plan om å dele ut 12,5 millionar kroner denne runden. 

Styret planlegg slutthandsaming av søknadane mot slutten av oktober.