nyskaparpris 2026

Attbruk er vinnar av nyskaparprisen 2026


2026-11-05 09:40
I år har styret tildelt nyskaparprisen til ein vinnar som viser kva som er mogleg når mange dreg i lag. Nyskaparprisen 2026 på kr 500 000,- går til ATTBRUK, med BRUKET arkitektur som prosjekteigar!
 
Sirkulærøkonomi kan fort verta store ord. På Voss har de gjort det til praksis.
I dag vert over 90 prosent av trevirket flisa og sendt til energigjenvinning. Men mykje av dette er ikkje bos. Det er reint, godt virke som kan brukast om att. De har sett at dette ikkje er noko éin aktør kan løysa åleine. Difor har de samla arkitektar, handverkarar, rådgjevarar, avfallsselskap, byggevarehandel, ei arbeids- og inkluderingsverksemd og Voss herad i same verdikjede: frå demontering og lagring til dokumentasjon, nye produkt og sal.
 
Styret meiner dette er nyskaping i ordets rette tyding. Her er det ikkje berre utvikla eit nytt produkt, men ein ny måte å organisera ressursane våre på. Attbruk er framleis i ein tidleg fase, men med Attbruk-huset og Voss som del av eit europeisk Horizon-prosjekt fram mot 2030 er potensialet stort, for både vekst og nye arbeidsplassar.

Me gratulerar Attbruk med årets pris.

Les meir om Attbruk her: ATTBRUK |