Har du eit talent?


2020-05-22 13:49
Vi ynskjer å premiera ungdom som vil vidareutvikla talentet sitt, og gir inntil kr. 60.000,- slik at dei beste skal kunna utvikla talentet sitt til levebrød!

Kanskje du ynskjer å ta ei utdanning som gjev grunnlag for å verta profesjonell songar. Kanskje har du nett fullført toppidrettsgymnaset og skal til på første sesong der du må ordna ditt eige støtteapparat. Kanskje jobbar du med kolleksjonen som skal gje deg gjennombrotet som designar. Uansett idrettsgrein eller kunstuttrykk kan du søkja Sparebankstiftinga Hardanger om kulturstipend.

For å kvalifisera til stipend må du vera busett, eller ha markert deg, i følgjande kommunar: Ullensvang, Eidfjord, Kvam, Ulvik eller Voss. Du må også ha fullført ungdomsskulen. Søknaden må innehalda ein presentasjon av deg sjølv, ei grunngjeving for kvifor du bør få stipend, og ein plan for korleis du skal nå målet (t.d. utdanningsplanar). Dersom du søkjer om støtte til eit prosjekt, må du og leggja ved prosjektskildring, budsjett, finansieringsplan og framdriftsplan. Får/søkjer du støtte frå andre må det opplysast i finansieringsplanen.

Alle søknader vert handsama fortruleg, men dei som mottek stipend vil verta offentleggjort med namn og med juryen si grunngjeving.

Søknadsfrist: 31.03. kvart år.

Søknaden skal sendast inn elektronisk ved å nytta søknadsskjemaet som ligg under "Kulturstipend" i menyen på toppen av sida.

Fristen for å søkja gåver til ålmennyttige føremål er 31.03 og 30.09. kvart år.