fredrik fjose 2025

Sparebankstiftinga Hardanger styrkjer satsinga – ny dagleg leiar tilsett


2026-01-06 09:45
Sparebankstiftinga Hardanger aukar satsinga si og har den siste tida utvida administrasjonen. Som ein del av denne utviklinga skal noverande dagleg leiar gå over i ei ny stilling i stiftinga.

Styret i Sparebankstiftinga Hardanger har i samband med dette tilsett Fredrik Skaarer Fjose som ny dagleg leiar. Han tek til i stillinga 01.04.2026.
– Me fekk svært mange gode søkjarar til stillinga som dagleg leiar i stiftinga, så styret har slik sett hatt eit luksusproblem. Etter ein grundig rekrutteringsprosess i samarbeid med rekrutteringsverksemda Bønes Virik er vi svært nøgde med å få Fredrik på plass som ny dagleg leiar. Han har den kompetansen og erfaringa vi treng i den vidare utviklinga av stiftinga, og har også god kjennskap til formålet til stiftinga og korleis ein kan fortsetja ei god forvaltning av kapitalen til beste for bygdene i Hardanger og Voss, seier nestleiar i styret og leiar for tilsetjingsnemnda, Vidar Riber.

– Eg ser fram til å ta fatt på rolla som dagleg leiar i Sparebankstiftinga Hardanger og til å vidareutvikle arbeidet stiftinga gjer for lokalsamfunnet. Det er eit viktig og meiningsfullt samfunnsoppdrag, seier Fredrik ny dagleg leiar.
Å forstå dei ulike rollene stiftinga kan ha i samfunnsutviklinga, og å nytte handlingsrommet til positiv utvikling i regionen, er døme på utfordringar som motiverer meg i den nye jobben, seier Fjose.

Den tidlegare daglege leiaren, Kjetil Widding vil i si nye rolle bidra til å styrkje stiftinga sitt arbeid vidare, i takt med auka aktivitet og fleire oppgåver.
Sparebankstiftinga Hardanger er ei sjølvstendig stifting som forvaltar og sikrar lokalt eigarskap og nytte til verdiar bygd opp gjennom nær 170 års bankverksemd i Sparebanken Hardanger. Stiftinga deler ut gåver til ålmennyttige tiltak og prosjekt i dei mange grendene i Hardanger og Voss, og bidreg med det å skapa aktive og levande lokalsamfunn.

Kontakt:
Vidar Riber
Nestleiar i styret
TLF 901 21 542
E-post: post@hardangerstiftinga.no