Tildeling av gåver haust 2022


2022-10-30 10:48
Styret i Sparebankstiftinga Hardanger har hausten 2022 delt ut gåver på til saman kr 12.209.481,– til ulike tiltak i regionen.

Dei største gåvene denne gongen var :

Kr 1.000.000,– til ny kinosal i samband med ny vidaregåande skule i Norheimsund (Førehandsløyvd)
Kr 600.000,– til Stiftinga Litteraturbåten Epos for kjøp av M/S Epos
Kr 500.000,– til Røldal Røde Kors Hjelpekorps for kjøp av eigedom
Kr 500.000,– til ny panoramafilm ved Norsk Natursenter i Eidfjord
Kr 500.000,– til hytte ved Hamlagrø, Øystese Røde Kors
Kr 500.000,– til Idrettshus på Voss, Voss idrottslag og FBK Voss
Kr 400.000,– til snøproduksjonsanlegg på Voss, Voss Ski og Tursenter
Kr 400.000,– til Nasjonalt Frukt- og Sidersenter, Nibio Ullensvang
Kr 350.000,– til kjøp av redningsbåt, Ulvik Røde Kors Hjelpekorps

Til saman kom det inn 135 søknader i denne runden med samla søknadssum på ca. 31,5 millionar kroner. Av desse er det løyvd gåver til 73 søknader med til saman ca. 12,2 millionar kroner. Med det fekk ca. 54 % av søkjarane tildelt gåve. Samla utdelingar av gåver var omlag 39 % av den samla søknadsmassen.
 
Med denne tildelinga har Sparebankstiftinga Hardanger tildelt gåver for totalt 25 millionar kroner i 2022.

Sjølv om Sparebankstiftinga Hardanger ikkje har midlar til alle gode prosjekt på ein gong, treng ikkje dei som fekk avslag no mista motet, sidan det allereie til våren 2023 er ny tildelingsrunde med søknadsfrist den 31.03.2023.

Sjå heile lista over tildelingar her!