Sparebankstiftinga Hardanger har hausten 2025 delt ut gåver for til saman 11,8 millionar kroner,- til ulike tiltak og prosjekt i regionen.
Til saman kom det inn 208 søknader denne runden med samla søknadssum på om lag 53,9 millionar kroner. Av desse er det løyvd gåver til 67 søknader med til saman om lag 11,8 millionar kroner.
I tillegg har stiftinga gjeve ei ekstraordinær gåve på 1,5 millionar kroner til Hardangerrådet og prosjekt hurtigbåtruta i Hardanger 2026-2027.
Med desse tildelingar har Sparebankstiftinga Hardanger delt ut gåver for over kr 273 millionar kroner til prosjekt i Hardanger og Voss sidan oppstarten i 2012.
Sjølv om Sparebankstiftinga Hardanger ikkje har midlar til alle gode prosjekt på ein gong, treng ikkje dei som fekk avslag no mista motet, sidan det allereie til våren 2026 er ny tildelingsrunde med søknadsfrist den 31.03.2026.
Sjå heile lista over tildelingar
her!