belebu 4

Tildeling av gåver våren 2025


2025-05-20 10:48
Styret i Sparebankstiftinga Hardanger har våren 2025 delt ut gåver på til saman 13,2 millionar kroner til ulike tiltak i regionen. I tillegg har styret også gjeve ei ekstraordinær gåve på 15 millionar kroner til Investeringsstiftinga Hardanger og Voss. 

Til saman kom det inn 241 søknader i denne runden med samla søknadssum på om lag kr 64,5 millionar kroner. Av desse er det løyvd gåver til 86 søknader med til saman om lag kr 13,2 millionar kroner.
 
Med denne tildelinga har Sparebankstiftinga Hardanger tildelt gåver for over kr 260 millionar kroner sidan oppstarten i 2012.

Sjølv om Sparebankstiftinga Hardanger ikkje har midlar til alle gode prosjekt på ein gong, treng ikkje dei som fekk avslag no mista motet, sidan det allereie til hausten 2025 er ny tildelingsrunde med søknadsfrist den 30.09.2025.


Sjå heile lista over tildelingar her!