t%c3%b8rvikbygd grendautval

Tildelingar av gåver haust 2026


2026-10-23 16:00
Styret i Sparebankstiftinga Hardanger har vedteke å gje gåver på til saman 12 883 500 kroner til 85 ålmennyttige prosjekt. Pengane går til frivillige lag, idrett, kultur, beredskap og grendehus i heile regionen.
Til tildelinga for hausten 2026 kom det inn 223 søknader på til saman 46,7 millionar kroner. Styret handsama søknadene i styremøtet 22. oktober. Det er gitt gåver til tiltak i Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang, Ulvik og Voss, og til fleire regionale prosjekt.

Frå beredskapshytte til badstove

Dei største gåvene går til Øystese Røde Kors, som får 1 million kroner til ei ny beredskapshytte på Hamlagrø, og Elvadalen skogsveglag, som får 1 million kroner til prosjektet «No fiksar me Elvadalen på Lofthus!». Visit Hardangerfjord får 600 000 kroner til å sertifisere Hardanger som berekraftig reisemål. Tørvikbygd Aldersbustadlag og Vestglimt IL får 500 000 kroner kvar, til høvesvis alders- og seniorbustader i Tørvikbygd og eit treningssenter på Grimo.
Mange av gåvene er mindre beløp til frivillige lag og organisasjonar. Pengane går mellom anna til redningsutstyr for Røde Kors-hjelpekorpsa, grendehus, folkedans for born og unge, leselyst, kino og jubileum – og ei badstove ved fjorden i Granvin.
I tillegg auka styret førehandsløyvinga til Sysendalen Løypelag med 250 000 kroner, til 1 million kroner for hausten 2026.
– Det er ei glede å sjå kor mykje godt arbeid som skjer i lokalsamfunna våre. Frivillige lag og organisasjonar er limet i bygdene, og me er glade for å kunna vera med og løfta prosjekta deira. Me ser òg at mindre beløp kan bety svært mykje for dei små laga i bygdene, seier dagleg leiar Fredrik Fjose i Sparebankstiftinga Hardanger.

Over 30 millionar kroner i 2026

Medrekna tildelinga i vår, førehandsløyvingane og Nyskaparprisen har Sparebankstiftinga Hardanger med dette løyvd om lag 30,4 millionar kroner til ålmennyttige føremål i 2026.

Sjå heile lista over tildelingar her!